Foto: Fredrik Hagen / NTB / NPK

Vurderer forbod mot utanlandsferie

NPK-NTB: Folkehelseinstituttet (FHI) meiner at eit forbod mot fritidsreiser utanlands kan vurderast for norske borgarar.

I tilrådinga si til regjeringa om reiserestriksjonar skriv FHI at Noreg kan vurdere eit forbod mot fritidsreiser utanlands for norske borgarar.

Smitterisikoen heng saman med det totale talet som reiser inn og ut av landet», står det i tilrådinga.

FHI skriv at UDs reiseråd om å unngå alle unødvendige reiser til alle land i stor grad har bidrege til at færre borgarar reiser utanlands.

I tilrådinga viser FHI til Belgia, som i ein avgrensa periode har bestemt at ikkje-essensielle reiser frå Belgia til utlandet er forbode for personar som primært er busette i Belgia» – og at ikkje-essensielle reiser til Belgia er forbodne for personar som primært er busette i utlandet».

Her er det likevel enkelte unntak frå forbodet, som mellom anna forretningsreiser, medisinsk behandling og besøk av næraste familie.

Koronatiltaka har mindre støtte i folket

59 prosent av befolkninga støttar koronatiltaka som er sette inn, ifølgje ei ny undersøking. Det er ein nedgang på meir enn 10 prosentpoeng sidan nyttår.

Støtta er lågast i den yngste aldersgruppa, viser Helsedirektoratets befolkningsundersøking, som VG har omtalt. Berre 35 prosent mellom 16 og 24 år oppgir at dei støttar tiltaka.

Regjeringa innførte ei rekkje strenge tiltak for å hindre spreiinga av meir smittsame virusvariantar etter nyttår. Oslo har no vore nedstengt i tre månader.

Den vekevise befolkningsundersøkinga om støtte til tiltaka blir gjennomførte av Mindshare på oppdrag frå Helsedirektoratet. (NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS