Slik såg det ut på E134 ved Midtlæger på Haukelifjell like etter klokkka 08.30 torsdag.
FOTO: STATENS VEGVESEN/WEBCAM
Vêrprognose: Høg fare for at E134 Haukelifjell stenger
Har du tenkt deg over Haukelifjell torsdag? Då bør du skunde deg.
Torsdag morgon er E134 over Haukelifjell open for fri ferdsel. Ifølgje det nye prognoseverktøyet til Statens Vegvesen var sjansen for stenging av fjellet dei nærmaste seks timane 12 prosent (liten fare).
Men så aukar det på i takt med venta uvêr. Faren for stenging dei neste 6-12 timane var klokka 08.37 45 prosent (middels).