Ein sjanse han ikkje greidde å seia nei til. Tysdag kveld pakka Svein Bjarte Holten elbilen i hengaren og la i veg over Haukeli og vidare til Riga der helgas VM-runde i rallycross går av stabelen.Foto: Privat
Svein Bjarte Holten med elbilen før avreisa til Riga. — Ei stor oppleving, seier 58-åringen om sin VM-debut.
Manfred Stohl frå fabrikken i Wihen (t.v.) og Svein Bjarte Holten frå Holten Motorteam har samarbeidd godt i utviklinga av elbilen som er skreddarsydd for motorsport.Pressefoto
Manfred Stohl frå fabrikken i Wien (t.v.) og Svein Bjarte Holten frå Holten Motorsport under testturen av elbilen i Austerrike i fjor.Pressefoto

VM-debut var ikkje heilt som planlagt

For to veker sidan deltok han under NM i rallycross etter 14 års avbrekk frå motorsporten, og til helga er han igjen klar til å gje gass. Då er det duka for FIA World Rallycross med Svein Bjarte Holten (58) frå NMK Vikedal i verdas første elektriske rallybil på startstreken.

Publisert Sist oppdatert

Å delta under verdsmeisterskap i rallycross var ikkje det første 58-år gamle Svein Bjarte Holten frå NMK Vikedal hadde i tankane då han for to veker sidan sa ja til å stilla under NM rallycross i open klasse med verdas første elektriske rallycrossbil. Den spesialbygde elbilen på eit Ford Fiesta karosseri, var sin første i sitt slag då den blei kjøpt av investor Nils Reimers frå Bjoa og levert til Holten Motorsport AS som skal drifta fartsvedunderet.

Planen var å få bilen i konkurranse då årets rallycross-sesong starta i vår, men grunna koronasituasjonen blei dei fleste løpa sett på vent. Først i slutten av august kunne første runde i rallycross VM gå av stabelen i Sverige, men med eit raudfarga koronaland som arrangør var det uaktuelt for nokon frå team Holten å stilla til start. Går alt etter planen kan den tidlegare rallycrossføraren frå Vikedal få sjansen under andre VM-runde i Riga i Latvia til helga.

— Eg er spent og håpar eg kan få det til. Eg skal køyra mot folk som har køyrt EM og VM tidlegare. Dei er svært gode, men eg får vera med og sjå glad ut, seier ein lettare nervøs Svein Bjarte Holten som tysdag kveld plasserte el-bilen i tilhengaren og la ut på ei lang bilreise til Riga heilt aleine.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS