Viser veg gjennom historia
Det har budd folk lenge ved Ølensjøen. Korleis levde dei og kva levde dei av? Det er lenge sidan lukta av velstand» frå Sildoljefabrikken la seg over tettstaden. Kven kan hugse det yrande livet ved Ekrheimskaien, då gods og passasjerbåten Sunnhordland» la til kai, og busstransport hadde sitt knutepunkt for distriktet på kaien? Eller er det nokon som har høyrt om jordmora og arrestforvaltaren som budde i gamlebanken for hundre år sidan, der ho dyrka sin eigen mat frå sin vesle hage?
Eit samarbeidsprosjekt
Ølen Handel ved banksjef Magne Christiansen, Vindafjord kommune ved Kommunalsjef Anne-Sofie Sandvik, Ølensjøen grendelag ved Guri Ravatn og Fikse Næringsforening ved dagleg leiar Nils Einar Steinstø har vore med på samarbeidsprosjektet, der sistnevnte har sett fart på prosjektet som har vore på planleggingsstadiet i fleire år utan å komme i mål med gjennomføringa.