Ølen omsorgssenter.
ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Vindafjord kommune sprekk stort på helse
Dette kjem fram i 2. tertialrapport, som omhandlar perioden mai til august. Av eit revidert budsjett på 728,23 millionar utgjer det innmeldte forventa meirforbruket på 19,3 millionar, som tilsvarer 2,6 prosent.
Forutan helse og omsorg har rammoeområda avvik på mindre enn fem millionar. Administrasjon og fellesdrift forventar eit mindreforbruk på 1 million. I kommentarane til rapporten forklarar kommunedirektør Yngve Folven Bergesen at dette skuldast færre lærlingar enn budsjettet og eit betydeleg mindreforbruk for IKT, grunna vakanse og redusert drift i EVIKT.
Oppvekst og kultur forventar eit meirforbruk på 4,7 millionar. Den viktigaste grunnen er eit avvik på 3,7 millionar på tilskot til private barnehagar.
Forvaltning, drift og utvikling har lågare straumutgifter og forsikring enn budsjettert, men andre driftspostar ligg over budsjett. Brøyting ligg 1,5 millionar over budsjett, og det er forventa eit stort meirforbruk. Området ventar likevel mindreforbruk, fordi det ligg inne to millionar til drift av Vindafjordhallen, og ein million meir i leigeinntekter.
Dyrt med vikarar
Mesteparten av dei 16 millionane i forventa meirforbruk i helse og omsorg er knytt til utfordringar med rekruttering og sjukefråvær, som gir stort behov for vikarbyrå og ressurskrevjande enkeltbrukarar. Det er i tillegg forventa betydeleg avvik på drift av legetenesta, dyrare leasingbilar og auka behov for sosialhjelp. Cirka ein million er knytt til flyktningmottak.
Meirforbruket i helse og omsorg er fordelt mellom fleire einingar, men høgast på Ølen omsorgssenter der overforbruk per august er 3,7 millionar. Justert for uteståande fakturering og vikarbyrå er reelt meirforbruk omlag 3,9 millionar. Fastlønn på omsorgssenteret har eit mindreforbruk på cirka to millionar, men det er brukt over 3,5 millionar på vikarbyrå. Dette gjeld både lege i sommar og vakante stillingar, totalt cirka 11 årsverk, som utgjer over 20 personar. Overtid ligg 70.000 over budsjett, men viser nedgang frå 341.000 samanlikna med august i fjor, grunna lågare sjukefråvær og fokus på korleis kommunen nyttar ressursane. Samla prognose for året er overforbruk på 5,4 millionar.
På Vindafjordtunet er det ei samla prognose for året eit overforbruk på 3,25 millionar. Kommunedirektøren kommenterer at det er stor vakanse der. Fastlønn har eit mindreforbruk på 650.000, men det er brukt over 2,1 millionar på vikarbyrå for vakante stillingar, berre på natt. Dette er omlag 900.000 meir enn same tid i fjor.
For heimetenesta er samla prognose for året eit negativt budsjettavvik på 2,42 millionar. Leasingbilane, som har ein prognose på 1,6 millionar, 900.000 over budsjett, peikar seg ut. Rus og psykiatri, barnevern, NAV Vindafjord Etne, flyktningdelen av NAV, eining helse, tilrettelagde tenester, og eininga for felles helse og omsorg har alle prognosar på meirforbruk frå 800.000 til to millionar.
Agenda Kaupang har undersøkt korleis Vindafjord kommune kan halde kostnadane nede og kvaliteten opp i helse og omsorg i framtida: