Etne legekontor. ARKIVFOTO

Vil vite korleis folk opplever legetenesta

Etne kommune har no starta ei brukarundersøking for å få tilbakemeldingar frå innbyggjarane om fastlegetenesta i kommunen.

Publisert

— Me ønskjer å bli endå betre og tilpasse tenestene til behova dine. Dine svar er viktige for oss, skriv Etne kommune på nettsida si.

Undersøkinga blir sendt ut på e-post måndag. Kommunen håpar at flest mogleg tek seg tid til å svare. Undersøkinga blir distribuert via Bedrekommune.no. Etne kommune understrekar at dersom ein får ein e-post frå denne avsendaren, er det heilt trygt å opne og svare.

— Takk for at du bidreg til å utvikle tenestene våre, skriv kommunen.

Powered by Labrador CMS