Geitaberget er den mest utsette delen av E134 mellom Mørkeli og Gjerde – og blir først prioritert for utbetring dersom delar av midlane går til planlegging av Bakka–Fikse.Arkivfoto
Vil støtta plan til Bakka–Fikse
Formannskapet i Etne kommune skal onsdag 19. november gi sitt innspel til korleis midlane i Haugalandspakken skal brukast. Kommunedirektøren går inn for å støtta at delar av dei løyvde midlane blir brukte til planlegging av ny E134 frå Bakka til Fikse, mens resten blir nytta til målretta utbetring av dagens veg ved Geitaberget.
Haugalandspakken har sett av 110 millionar kroner til utbetring av E134 Mørkeli–Gjerde, som ei vidareføring av prosjektet Ølen–Mørkeli. Statens vegvesen har føreslått at planarbeidet for Bakka–Mo, som allereie ligg inne i Nasjonal transportplan, kan utvidast til å omfatta heile strekninga Bakka–Fikse – dersom Haugalandspakken finansierer meirkostnaden på 40 millionar kroner.
Med denne løysinga vil 70 millionar stå igjen til utbetring av den svakaste delen av dagens E134, ved Geitaberget. Full utbetring av heile Mørkeli–Gjerde er rekna til mellom 140 og 150 millionar kroner, og ligg derfor over den noverande ramma.