Offer for taktisk røysting. Steinar Frønsdal er lokallagsleiar i Etne KrF og hadde 1. plass på vallista.ARKIVFOTO
Val 2019
Vil setje fokus på skulekvardagen
Listetoppane i Etne og Vindafjord er utfordra med ti spørsmål, og kandidatane blir presenterte før kommunevalet i september.
Namn: Steinar Frønsdal
Parti: Etne KrF
Alder: 52
Sivilstand: Gift (4 born)
Politisk bakgrunn: Vara for KrF frå tidlegare periode, lokallagsleiar dei siste 3 åra.
— Kva er den viktigaste saka du vil jobbe med lokalt – og kvifor?
— Alle gode saker og føremål er avhengige av at Etne kommune har ein trygg og stabil økonomi. Eg ynskjer å prioritera skulekvardagen for borna og ungdomane våre. Auka midlar til skulane i betre tilrettelegging for dei av elevane som ikkje klarar å tileigna seg kunnskap berre gjennom teoretisk læring i klasserom. Nokre av desse elevane treng ekstra støtte og ressursar for å læra på tradisjonell måte. Andre har gode føresetnadar for å ta til seg den lærdomen dei helst skal, men strevar med motivasjonen, fordi dei ser liten hensikt med å læra mykje av det som læreplanane seier dei skal læra. Ein må fokusera på denne tankegangen lenge før elevane kjem til ungdomskulealder. Eg ynskjer at skulane skal få midlar til å retta undervisninga i realfag og språk meir konkret inn mot den enkelte elev sine interesser og planar for eiga utdanning og framtid.