Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Vil heidra avdød kunstnar frå Vats med jubileumsutstilling

Publisert Sist oppdatert

Haugesund billedgalleri som er regionmuseet si avdeling for kunst, skal i haust opna ei omfattande jubileumsutstilling basert på kunstnaren frå Vats. Han omkm 21. desember 1960 på ein såpeglatt Autobahn i dei tyske Aplane, berre 39 år gamal. Trass sitt korte virke som kunstnar har Eikeland sett varige spor etter seg, og det er denne historia Haugalandmuseet nå vil formidla.

Grethe Lunde Øvrebø, leiar i Haugesund billedgalleri, opplyser at dei sjølv har 13 bilde av Ragnvald Eikeland, men håpar å visa fram fleire enn dette for publikum.

— For å få til ein så brei og representativ utstilling som mulig ønsker me å låna inn kunstverk i privat eige. Det må finnast meir materiale frå Eikeland der ute. Difor håpar me at folk i Vats og andre bygder i Vindafjord vil bidra. Kanskje det til og med finst måleri i loft og kjellar som kan vera med å kasta ekstra lys over Eikeland sitt arbeid, seier Øvrebø som er usikker på kor stor produksjon han hadde.

Powered by Labrador CMS