Kommunalsjef for oppvekst og kultur i Etne, Mona Rasmussen Sævik.
Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Vil ha slutt på onsdagsfri
Om kommunalsjef for oppvekst og kultur, Mona Rasmussen Sævik får gjennomslag for forslaget sitt i kommunestyret, blir det slutt på onsdagsfri for dei yngste elevane i grunnskulen. På den andre sida vil elevane få ei samanhengande veke, utan oppstykking kvar onsdag, som gjerne fører til to måndags-morgonar» for elevane i veka. Å starta på skulen igjen etter ein fridag midt i veka, er for mange av elevane meir slitsamt, enn å ha kontinuitet gjennom fem samanhengjande skuledagar.
— Me ser også at dei to første skuletimane kvar einaste dag, er gull verd for læring. Jo lengre ein kjem utpå dagen, dess mindre mottakelege er elevane for å læra nye ting. Derfor meiner eg at femdagarsveke, med kortare skuledagar er meir gunstig for både elevar, så vel som lærarar, seier Sævik, som tidlegare har vore både lærar og rektor, og har erfaring med nettopp dette.
Spørjeundersøking