Tiandeklassingane Maren Heggebø, Kristin Nybru og Olve Birkeland har sansen for eit forslag om at 16-åringar i distrikta kan få begrensa førarkort for å bli meir mobile. Gratis buss og fleire avgangar meiner dei også kan vere eit godt tiltak.
Foto: Jon Edvardsen
Vil gjerne bli meir mobile på bygda
Situasjonen for distrikts-Noreg er eit sentralt tema for tida, og forslaget om å senke alderen for å køyre bil har ungdomsskuleelevane fått med seg. Eit offentleg utval vil prøve ut eit forsøk med førarkort for 16-åringar. Det finst liknandene ordningar i provinsar i Canada og USA.
Forsøket har som mål å gjere ungdom i distrikta meir mobile. Ifølgje utvalet er misnøye med mangelen på kollektivtilbod noko som foreinar så godt som alle ungdommane i distrikta.
Mindre avhengig av andre