Innføringa av eit røykjeforbod på uteserveringane burde skjedd for lengst, meiner Norges Astma- og Allergiforbund
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Vil forby røyking på uteserveringar
Norges Astma- og Allergiforbund meiner det er på høg tid å ta røykjelova eit steg vidare og forby røyking på uteserveringar.
Marte R. Øien, leiar for politikk og kommunikasjon i Norges Astma- og Allergiforbund, seier til Avisa Oslo
at ho ikkje forstår kva regjeringa ventar på. Innføringa av eit røykjeforbod på uteserveringane burde skjedd for lengst, meiner foreininga.
– Når svenskane har klart det, burde det ikkje bli eit stort ramaskrik her heller, seier Øien.