Vil føra tradisjonen vidare: — Viktig å få dei unge interessert
Etne Husflidslag ønskjer å slå eit slag for bunaden og inviterer unge og vaksne til kurs i bunadsaum, bregding og bunadstrikk.
— På kurset får ein læra å sy kvitsaum, sy selar, strikka sokkar, fletta bregdeband og strikka pinnehue. Men det bli ikkje høve til å læra montering, seier leiar i Etne Husflidslag Eli Aga og ønskjer bunadinteresserte i alle aldrar velkomen til kurs i Etnebunad byrjinga av november.
Særs velkomen er ungdommen. Det er dei unge som skal føra handverkstradisjonen vidare.
— Det er viktig å få dei unge interessert. I dette kurset skal ein prøva å bevara kunnskapen, seier ho.