Kulturkonsulent Liv Kari Bødtker i Etne kommune.

Vil du melda inn kandidatar til heider eller stipend?

Det nærmar seg frist for å foreslå kandidatar til Etne kommune sine nye prisar og stipend. Kulturkonsulent Liv Kari Bødtker, opplyser at kommunen no spesielt ønskjer forslag frå innbyggjarane før fristen går ut.

Publisert Sist oppdatert

Etne kommune har frå 2025 etablert ei eiga ordning for å løfta fram både framifrå prestasjonar og unge talent i bygda. 

Ordninga er forankra i kommunestyret sitt vedtak 17. juni 2025, og byggjer på ei pott på 50.000 kroner som formannskapet skal dela ut årleg. Dette omfattar både heider til personar og grupper/lag som har utmerka seg, og stipend til unge talent innan kultur og idrett.

Ifølgje Liv Kari Bødtker er det viktig for kommunen å få breie og gode forslag frå publikum, og ho oppmodar både lag, organisasjonar, foreldre og enkeltpersonar til å melda inn kandidatar medan det framleis er tid.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS