Vil auka ha kunnskap om lindrande behandling
Måndag gjekk startskotet for Prosjekt palliasjon i Vindafjord kommune», der ei gruppe sjukepleiarar var samla til kurs. I løpet av den første samlinga fekk deltakarane læra å vera mentor. Det er ei oppgåve dei skal ta med seg vidare når dei skal vera leiar for kvar si arbeidsgruppe av helsepersonell som ynskjer å delta på eit digitalt kurs med lindrande behandling, eller palliasjon, som tema.
Prosjektet går over tre år og famnar om alle grupper av helsepersonell. Målet med prosjektet er å styrka kvaliteten i tilbodet til pasientar med behov for lindrande behandling og omsorg uavhengig av diagnose, og bidra til kompetansebygging i kommunen. Det er lagt opp til ni arbeidsgrupper med rundt seks personar i kvar gruppe, som gjennom ein digital opplæringspakke skal tileigna seg kunnskap enkeltvis og gjennom gruppesamlingar.
Krev opplæring