Her kjem det fram at 74 prosent kastar like mykje mat – eller meir – som før pandemien.
Ifølgje Matprat er det menigmann som står for mest matsvinn i Noreg. Av 417.000 tonn spiseleg mat som blir kasta, kjem heile 58 prosent frå forbrukarane sjølv.
Derfor kastar vi mat
Hovudårsakene til at vi kastar mykje mat, er at maten går ut på dato før folk rekk å ete han, at vi gløymer kva vi har i kjøleskapet eller at folk kjøper for mykje og ikkje klarer å ete opp alt. Mange påpeikar òg at kvaliteten vert dårlegare etter at pakninga er opna.
Folk innrømmer at dei lagar for store porsjonar og kastar restar frå tallerkenen. Her seier 22 prosent at dei kastar meir enn det som er snittet per nordmann per dag, som er rundt ei halv potet.
Restar kan bli lagt i kjøleskapet og gløymd, og så går maten ut på dato eller blir uspiseleg.
Matvett minnar om at noko av det enklaste ein kan gjere, i tillegg til ikkje å kjøpe for mykje mat, er å senke temperaturen i kjøleskapet til maks 4 grader.
80 prosent av oss har faktisk ein høgare temperatur enn tilrådd, ifølgje EU-prosjektet SafeConsume , der forskarar målte kjøleskapstemperaturar i Noreg, Portugal, Frankrike, England og Romania.
Desse kastar mest
Gruppa som skyv mest middagsrestar ned i søpla, er husstandar med tre til fire personar, der 40 prosent kastar meir enn snittet. Også aldersgruppa 30 til 39 år kastar gjennomgåande meir mat og drikke enn det som er vanleg.
— Vi veit at unge vaksne og småbarnsforeldre kastar mest mat. Tidsklemma, frykta for å bli dårleg og at vi har relativt god økonomi er nokre av grunnane til at matsvinnet er såpass stort, seier Anne Marie Schrøder i Matvett til NTB.
Eldre derimot, er blant dei som ligg lågast på matsvinn.
— Her har vi kanskje noko å lære av generasjonane før oss som var mykje flinkare til å bruke det dei hadde: et restar, tenk alternativ bruk av ikkje ferske råvarer og få litt betre oversikt over kva vi har i kjøleskapet, slik at vi ikkje kjøper for mykje. Små grep kan gjere ein stor forskjell.
Erkjenner ansvar
I kategoriar som brød, fisk, kjøtt, frukt og grønt opplyser husstandar med berre éin eller to medlemmer at dei kastar meir enn gjennomsnittspersonen, noko som kan komme av storleiken på pakningane i desse kategoriane. Her et nemleg større hushald opp maten.
Samtidig som vi kastar mykje, erkjenner tre av fire at dei sjølv har eit stort ansvar for å redusere matsvinnet sitt.
— Å kutte matsvinn er av dei mest effektive tiltaka vi kan gjere både for klima, miljø og lommeboka, seier Schrøder.
Pandemien har elle hatt ein viss effekt på vanane våre: 42 prosent seir at dei handlar sjeldnare enn før, og 20 prosent oppgir at dei lagar meir mat frå botnen.