Vi går meir på kino

Vi går meir på kino

Talet på selde billettar hos norske kinoar held fram med å vekse. Det har vore ein vekst på 4,5 prosent i første halvår 2025 samanlikna med same periode i fjor.

Publisert Sist oppdatert

Tala for dei seks første månadene i år viser totalt 3.624.583 selde kino-billettar mot 3.470.880 selde billettar i den same perioden i fjor.

I mai var den prosentvise auken åleine på 78,5 prosent samanlikna med same månad i fjor. Isolert sett vart det ein liten nedgang i juni i år på 12,4 prosent målt mot same månad i fjor då Innsiden ut 2» kom på norske kinoar og vart den mest sette filmen i 2024 med 520.906 selde billettar.

– Vi hadde ein tøff start på kino-året, men denne våren har gitt oss god vind i segla. Denne oppturen kan først og fremst forklarast i form av mange gode og breie filmar som blir vist på kino for tida. Vi trong denne oppturen, seier administrerande direktør Espen Lundberg Pedersen i bransjeorganisasjonen Film & Kino i ei pressemelding.

(NPK)

Powered by Labrador CMS