Norsk rosenkål og andre grønsaker kan vere eit bra alternativ å finne i frysedisken når vi ikkje har ferske råvarer rett frå åkeren.
Foto: Findus
Vi et meir fryste grønsaker
NPK: Det har vore ein vekst på rundt 4,8 prosent for fryste grønsaker det siste året i butikkane til Norgesgruppen. Veksten omfattar både norske og utanlandske råvarer, men ein betydeleg del av dei fryste grønsakene som vert selde er av norske råvarer.
— Rundt 80 prosent av dei fryste grønsakene som vert selde som eigne merkevarer (EMV) i våre butikkar er norsk råvare, seier Kine Søyland, kommunikasjonssjef i Norgesgruppen, i ei pressemelding frå Noregs bygdekvinnelag.
Søyland erfarer at kundane er opptatt av å velje norsk når det er mogleg. Denne trenden har auka over tid, men det er ikkje alltid lett å vite om grønsakene er norske.
— Det er et potensial for å få dette endå tydelegare fram på pakningar og liknande, seier Søyland.
I mange tilfelle kjem det ikkje fram av emballasjen kvar produktet kjem frå, men det kan vere teikn til betring på dette området.
På nyåret vil det bli fleire Nyt-Norge merke på fryste grønsaker i matbutikkane. Ifølgje Søyland vert det jobba med å gjere det tydeleg at grønsakene er norskproduserte i utforming og tekst på emballasjen. At det no vert satsa på merking, er resultatet av eit samarbeid Norgesgruppen har hatt med grønsakbønder og Gartnerhallen.
— Om du vil ete kortreist mat og støtte lokale produsentar kan frosne grønsaker vere eit betre alternativ i delar av året når grønsakene er importerte, seier Sidsel Fiskaa Hagen, forskar på frukt og grønsaker hos Nofima.
Ho har forska på kvalitet og næringsinnhald i frosne, norske grønsaker i prosjektet Økt sortiment, kvalitet og verdi av fryste norske grønsaker» (Norfryg). Forskinga viser at innhaldet av vitamin C og andre næringsstoff er likt mellom fryste og ferske grønsaker om dei blir kokte på same måte.