Høgres leiar Erna Solberg er ikkje nøgd med tala.
Foto: Terje Pedersen / NTB /NPK
Verste partimåling for Høgre på over tre år
Arbeidarpartiet passerer Høgre på TV 2s ferske partimåling. Høgre fell heile 4,9 prosentpoeng ned frå førre måling og får ei oppslutning på 18,9 prosent.
– Dette er eit for dårleg resultat for oss, seier Høgre-leiar Erna Solberg til TV 2.
Ikkje sidan partiet tapte førre stortingsval har ho levert ei dårlegare TV 2-måling som partileiar. Dette er også første gong sidan hausten 2021at Høgre har lågare oppslutning enn Ap.
Mot Høgres 18,9 prosent, får Ap ei oppslutning på 19,8 prosent – ned 1,2 prosentpoeng frå førre TV 2-måling.