Fylkesvegen får pengar dei neste åra i Skånevik. Her frå ei tidlegare politisk markering.
Arkivfoto: Arne Frøkedal
Ventar på finansiering av veg
Ny veg frå Skånevik sentrum til Flesjå ved Indre Tungesvik er ferdig regulert, men det er førebels ikkje sett av pengar til prosjektet. No må lokalpolitikarane kjempa for å få fylkespolitikarane med på laget.
I desember vedtok fylkestinget regional transportplan (RTP) 2022-2033 for Vestland. Under vegprosjekt for mogleg oppstart i perioden 2023-2027 ligg fylkesveg 548; Skånevik – Nesvågen – Flesjo, som både skal bli breiare og få fortau. Førebels ligg dette prosjektet ferdig regulert og klart, men det er så langt ikkje løyvd ei krone til prislappen som i 2020 blei sett til over 300 millionar kroner. Først i juni 2022 skal det avgjerast om den svært smale, svingete og til dels rasfarlege vegen blir prioritert. Dermed må lokalpolitikarane fri til fylkespolitikarane.
— Eg er alltid optimist, men me har ei enorm utfordring når det kjem til samferdsel i Vestland. Me må likevel tru at me her skal klara å arbeida tverrpolitisk, og me har ein jobb å gjera. Fordelen med dette vegprosjektet, er at dette er det einaste som ligg ferdig detaljregulert. Så om me ikkje får finansiert heile strekket, så håpar eg i alle fall at me får pengar til Skånevik – Nesvågen. Det viktigaste er å koma inn på prioriteringslista, og me ligg godt an, seier ordførar i Etne, Mette Heidi Bergsvåg Ekrheimm som også er fylkespoitikar.
Pressa dei rette kanalane