Bibliotekar Siren Vika og barne- og ungdomsbibliotekar Ingeborg Sørheim er godt nøgde med auke i både utlån og besøl i 2025.
Ann Margit Grønstad
Vekst for biblioteket
Etne bibliotek opplevde ein markant auke i både utlån og besøk i 2025, samanlikna med året før. Utlånet steig med 8,5 prosent, medan besøkstala auka med 13 prosent.
— Me har allereie veldig høg aktivitet og utlån. Då blei me litt overraska over at det var såpass mykje auke i år igjen, seier barne- og ungdomsbibliotekar Ingeborg Sørheim.
Ho fortel at biblioteket frå før ligg langt over landsgjennomsnittet både når det gjeld utlån og besøk, og at dei eigentleg håpa på stabile tal.