Vegvesenet har ingen planar om å sette opp nokon støyskjerm mellom E134 og Ølen skule. Foto: Svein-Erik Larsen
Det har lenge blitt jobba med å få sette opp støyskjerm mellom E134 og Ølen skule.

Vegvesenet seier nei til å sette opp støyskjerm

Ølen skule sendte brev til Statens vegvesen med ønske om å få satt opp ein støyskjerm mellom skulen og E134. Vegvesenet avviser at dei har ansvar for eller planar om å gjere dette.

Publisert Sist oppdatert

Dette kjem fram i eit brev seksjonsleiar Bjarte Børtveit og planforvaltar Katrine Nesset i Vegvesenet datert 26. september. Dei viser til då Ølen skule tok kontakt angåande støy ved skulen 6. september.

Ingen plikt

I brevet viser Børtveit og Nesset til ei støymåling frå 2019, der det målte støynivået var over det lovlege nivået på 55 desibel på to målepunkt på uteområdet til skulen. Dei skriv at Vegvesenet sette opp eit glidestøpt betongrekkverk langs skuleområdet i 2019, noko som i hovudsak er eit trafikksikringstiltak.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS