Manglar ved overvassanlegget i Stordalen var kjelde til rettsak mellom vegvesenet og entreprenør.
Arkivfoto: Arne Frøkedal
Vegvesenet gjekk på tap
I oktober 2013 inngjekk Statens vegvesen avtale med Kruse Smith Entreprenør AS om oppgradering av vegstrekninga Lauareid–Bakka i Etne kommune, som mellom anna bestod av 4,5 kilometer ny veg, to tunnelar, sidevegar, lokalvegar, sykkel- og gangveg og støttemurar. Delar av kontraktarbeidet gjekk ut på etablera overvassleidningar og drensleidningar langs vegen for å sikra tilstrekkeleg drenering av anlegget, og det er dette overvassanlegget som er sakens kjerne i søksmålet Staten ved Samferdselsdepartementet retta mot entreprenør Kruse Smith AS, og som dei nå har tapt. Kruse Smith engasjerte Opedal Drift AS, seinare Presis Vegdrift AS, som underentreprenør under arbeidet i Stordalen, og i eit byggemøte i oktober 2015 blei det gjort avtale mellom vegvesenet og Kruse Smith om at entreprenøren skulle syta for videoinspeksjon av overvassanlegget.
Videoen, bestilt av Presis Vegdrift, var klar i slutten av oktober 2015 og rapport vart levert til Kruse Smith, men korleis og når den enda opp på vegvesenet sitt bord er det store spørsmålet i saka.
For sein reklamasjon