Fv4752 Fjellgardsvegen i Vikedalsdalen stengd nord for gangbrua ved nummer 231. SKJERMBILETE: STATENS VEGVESEN
Fv4752 Fjellgardsvegen i Vikedalsdalen stengd nord for gangbrua ved nummer 231. SKJERMBILETE: STATENS VEGVESEN

Veg held framleis stengt

Måndag 3. mars vart Fv4752 Fjellgardsvegen i Vikedalsdalen stengd nord for gangbrua ved nummer 231. Han blir tidlegast opna igjen fredag 14. mars.

Publisert Sist oppdatert

nettsida til Vindafjord kommune blei stenginga grunngjeven med fare for steinskred den dagen han blei stengd.

— I samband med opprydding etter eit mindre skred er det avdekt ei større blokk som treng tiltak. Kommunal drift har difor valt å stengja vegen preventivt fram til situasjonen er meir avklart, skreiv kommunen.

Då vegen blei stengd, opplyste Vegtrafikksentralen Vest at det skulle gjerast ei ny vurdering fredag 7. mars klokka 12.00. No skriv Statens vegvesen i ei trafikkmelding at det vil bli gjort ei ny vurdering igjen veka etter klokka 14.00, og at rekna sluttid er 15.00 same dag.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS