Turgjengen samla. Bak frå venstre: Eirik Håvarstein Lothe, Vetle Hustvedt Lundal, Sander Tufte Øye.Nest bakarst frå venstre: Truls Skjold, Håkon Ytrenes, Hanne Gangdal, Mathea Tveit, Helge Andre Sakkestad, Vilde Rosseland, Synne Økland, Nora Aksland, Eva-Lill Leknes, Stina Tjoflot.Nest nedst frå venstre: Maren Lundal, Kristian Grindheim Fredriksen, Sofie Henriksen, Mona Kathrin Meland Lundal.Nedst frå venstre: Sofie Solheim, Inger Constanse Eidhammer Lunde.
FOTO: Foto privat/Ølen vgs
Vått, men kjekt på klassetur i Etnefjellet
For nokre veker sidan gjekk eg, klassen min (3IFA) og trinnet under oss (2IFA) på ei tredagars vandring i Etnefjella. Eg fekk høyre allereie tre-fire veker før turstart at det å gå tur i Etnefjella skulle vere svært vakkert, men ein smule utfordrande. Med andre ord var forventningane mine skyhøge, og eg gleda meg til ein kjekke tur ilag med dei andre.
Her er det også viktig å få med seg at vêret var svært fint desse få vekene og dagane før turen. Kvifor er det så viktig å få med seg? Svaret på det er at når vår klasse er på tur er det ikkje snakk om fint vêr. Ikkje i det heile. Det er så gale at når me var på treningsleir i Barcelona, blåste det opp til storm…
Nok om Barcelona, dette er skal dreie seg om den nylege turen i Etnefjella.