Konstituert rådmann Hilde Aartun Haraldseide la onsdag fram budsjettet for Etne kommune.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Varslar kutt innan både skule og PLO
Til saman føreslår konstituert rådmann ein reduksjon på lærarårsverk på 140 prosent i tillegg til 30 prosent kutt i administrasjonen. Dette skal dei i 2020 spara 2.038.679 kroner på ved Enge skule, og 872.856 kroner skal sparast ved Skånevik skule. På sikt fram mot 2023 vil nedtrekka til saman ved skulane vera på 4,4 millionar kroner.
Også barnehagane og kulturskulen må rekna med å kutta i kostnadane. I løpet av 2020 er det budsjettert med nedtrekk på 230.000 kroner, både i Enge barnehage og i Skånevik barnehage. Kulturskulen på spara 172.000 kroner neste år.
Reduserer PLO-stillingar