Årets varme og tørre sommar har gitt gode avlingar, og mange bønder har dei siste dagane fått inn ein grei tredjeslått.Arkivfoto
Varme og flotte haustdagar
Dei varme og fine haustdagane den siste tida har gledd både turgåarar og bønder som har gras igjen på enga å slå. Over 20 plussgradar i slutten av september er ikkje daglegdags.
Aller varmast i Grannar-distriktet blei registrert i Vats. Sundag blei makstemperaturen der målt til 21,8 gradar. Ved den offisielle målestasjonen i Etne viste gradestokken pluss 21,2 på det meste, same dag.
Måndag hadde Etne 21,5 gradar og Vats målestasjon 20,3, gradar, går det fram av statistikken frå Meteorologisk institutt.
Varmast i landet denne dagen var Bergen med 22 gradar.