Inga Cecilie Sørheim.
På tampen
Våren då alt skulle skje
Brått kjende eg både blodtrykk og irritasjon stige. Var det ikkje nok nå..? Eg hadde fått endå ei melding på dei ørti ulike plattformane som skulen bruker for å opplyse (og forvirre) oss foreldre. Det er stadig nye beskjedar å få på både Visma, Showbie, Facebook og innimellom god gamaldags e-post. Nå lyste ei ny melding mot meg med den forlokkande tittelen sommarfest». I og for seg ei overskrift som burde vekke positive kjensler; ja, eg veit… Men denne våren har det blitt nok.
Etter to år med pandemi har det store vårsleppet funne stad. Plutseleg skal alt skje. Me har mykje å ta igjen etter to år med avlysingar og utsetjingar. Endeleg kan me ta igjen det tapte, og vel så det! Eg trur ikkje eg er åleine om å ha hatt ein overfylt kalender denne våren. I starten var det stas, men etterkvart er det einaste ein lengtar etter ein ettermiddag – eller ei helg – utan planar.
Korleis er det blitt så gale..? Eg vil jo ikkje sukke og stønne over invitasjonar og arrangement og alle andre kjekke ting som skjer. Men eg trur ein kjem til eit vippepunkt, der følelsen av å miste kontroll over si eiga tid gjer at lysta og gleda forsvinn. Ting ein eigentleg skulle ha gleda seg til, kan kjennast som eit ork.