Vigdis Madssen.
ARKIVFOTO: GRETHE HOPLAND RAVN
Valstyret vurderer å skrota Åkrafjorden
Kommunedirektøren i Etne kommune har føreslått å slå saman dei tre noverande valkrinsane – Etne, Skånevik og Åkrafjorden – til berre to. Dei nye krinsane vil bli Etne og Skånevik, mens Åkrafjorden ikkje lenger vil ha eige stemmelokale på valdagen.
Bakgrunnen for framlegget er fleire praktiske utfordringar. Kommunen peikar på at det i Åkrafjorden er vanskeleg å finna eigna lokale som både tilfredsstiller krava til universell utforming og har tilstrekkeleg internett-tilgang. I tillegg blei det berre avgitt 89 stemmer i Åkrafjorden ved valet i 2023, noko som ifølgje kommunen er for lite til å oppfylla prinsippet om hemmelege val.
Lokal motstand mot framlegget