Ein god skule. Kalpana Paudel Subedi (t.v), Anjana Paudel, Kumari Paudel, lærar Gunn Rakel Tjelle Jarmer og Krish Paudel.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Valde same utdanningsveg
Fire år på rad har fire søsken vore elevar på same linja ved Ølen vgs. Nå håpar Kumari Paudel (25) og resten av søskenflokken frå Nepal på fast jobb og ei god framtid i Noreg.
I 2012 kom ein søskenflokk på fire jenter og éin gut til Ølen saman med foreldra som flyktningar frå Nepal, der dei hadde budd heile livet i flyktningleir. Foreldra, som var busette i Bhutan, måtte flykta under den etniske konflikten på slutten av 1980-talet og enda opp i ein av FN sine mange flyktningleirar i Nepal etter at over 100 000 bhutaneserar med nepalsk bakgrunn blei kasta ut av landet.
Etter mange år i fattigslege kår i Nepal enda familien opp i Ølen. Her fekk dei unge flyktningane ein trygg stad å bu og ein skulekvardag der kroppsleg avstraffing blei byta ut med eit godt læremiljø med flinke lærarar og inkluderande medelevar.
— Me har hatt det veldig fint her på skulen. Me har lært mykje og me er svært takksame for slik me har det nå, seier dei fire unge nepalesarane Kumari Paudel (25), Kalpana Paudel Subedi (24), Krish Paudel (21) og Anjana Paudel (17) som alle valde barne-og ungdomsarbeidarlinja på vidaregåande i Ølen etter at grunnutdanninga var over.