Mykje nedbør og ekstremflo gav tydelge utslag den første veka i november. Vatnet stod høgt i Vikedal, og fekk utriggarane til båt til å løfta seg. Foto: Grethe Hopland Ravn
Mykje nedbør og ekstremflo gav tydelge utslag den første veka i november. Vatnet stod høgt i Vikedal, og fekk utriggarane til båt til å løfta seg.

Uvanleg milde novemberdagar og vestavind i vente

Dei neste dagane blir det temperaturar heilt opp mot 15 grader enkelte stader på Austlandet og mildt for årstida stort sett over heile landet.

Publisert Sist oppdatert
Vakthavande meteorolog Martin Granerud trekkjer fram to ting som pregar det norske vêret mot slutten av veka og til helga: Mildvêr og vestavind.

Torsdag og fredag blir det såpass mykje mildare enn det som er vanleg for november at Meteorologisk institutt seier det kan minne om Indian summer» på Austlandet.

— Det er ikkje 20 grader, men så seint i sesongen er nesten 15 grader og nye fylkesrekordar, som vi hadde tidlegare i veka, ganske mykje for det, påpeikar Granerud, med referanse til bruk av omgrepet som karakteriserer sommarvêr på hausten.

Snøen må vente

Laurdag søkk temperaturane noko, men det er framleis mildt stort sett i heile Noreg. Først neste veke blir det ei antydning til nordavind og fall i temperaturane.

— Nei, det er ikkje noko snø i sikte dei første dagane, for å seie det sånn. Det kunne jo fort vore det på denne tida av året. Ein må godt opp i høgfjellet for å få sludd og snø. Fjellovergangar og den slags held seg fri for snø inntil vidare, seier Granerud.

Kystvêr

Ute i Atlanterhavet er det for tida mykje lågtrykksaktivitet.

— Det gir vestavind som fører med seg periodar med regn og regnbyer og dessutan vind av ulik styrke, frå Rogaland i sør til Finnmark i nord. Austlandet ligg i le for alt dette vêret og vil stort sett få opphaldsvêr i denne perioden, seier Granerud.

På Vestlandet vil nedbøren minke, slik at det blir mykje opphald laurdag og søndag. Alt vatnet som siler ned elles, vil likevel gjere det nødvendig å sende ut eit par varsel.

— Det blir sendt ut gult farevarsel for Helgeland for fredag, og det kjem truleg eit for Trøndelag òg for fredag, begge for nedbør, seier meteorologen.

— Kort oppsummert blir det ein langhelg med ganske dårleg vêr i Nord-Noreg, dårleg i vest, men gradvis betre, og i aust blir det ganske bra, fram til og med søndag. Og generelt høgare temperaturar enn normalt i heile landet.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS