Anita Haugland står for denne vekas petite.
Petit
Ute av trening
Er du ute av trening på andre ting enn fysisk trening? Her kjem vekas petite:
Eg har alltid hatt eventyrlyst når det gjeld feriering utanfor norske landegrenser. Det å få nye impulsar frå andre stader og kulturar har gitt energipåfyll gang etter gang. Etter to år med pandemi sprudla utfartstrongen nesten over, og gleda var større enn flyskammen då eg fekk reise på studietur til København i vår.
Det eg ikkje tenkte på før avreise, var at eg var heilt ute av reisetrening. Då eg skulle sende bagasjen på Flesland, klarte eg til dømes å setje kofferten på høgkant ved innsjekken. Sidan kofferten blei registrert utan å komme vidare, nekta han å gå gjennom då eg prøvde på nytt. Sjeldan har eg følt meg meir som bonde i byn», då Self-service» blei til manuell innsjekk, og resten av reisefølgjet måtte vente ekstra på meg.
I tryggleikskontrollen ville eg difor gjere alt rett. Det hjelpte dessverre lite at eg styrta vassflaska i køen på veg inn. Det viste seg nemleg at eg hadde ei flaske til i veska, og dermed måtte reisefølgjet vente ekstra på meg. Igjen.