Barneforteljinga til Thorbjørn Egner om Hakkebakkeskogen, kor alle dyra skal ete frukt og grønt og vere vener, er kjent for dei fleste. Regissør Jostein Apeland held seg nokså tru til tradisjonen når det kjem til manus og handling, men nokre endringar har han likevel gjort.
— Eg tenkte det kunne vere morosamt å gi stykket eit vinterpreg. Bamsefar sin fødselsdag vert i år på sjølvaste julaftan, utdjupar han.
Ideen hans har vekt interesse både blant erfarne teaterfolk og dotter til forfattaren sjølv.