Biblioteksjef i Vinaddafjord, Silje Holden Birkeland. Arkivfoto
Unge lesarar er ivrige
Midnatt 1. juni opna årets Sommarles, der elevar i barneskulen får bruka heile sommarferien på å pløya gjennom så mange bøker dei berre måtte makta. Premiar får dei også, og pågangen er stor.
Både Ingeborg Sørheim ved Etne bibliotek, og Silje Holden Birkeland ved Vindafjord bibliotek er klare for ny utgåve av sommarles. Og allereie før den magiske datoen: 1. juni, hadde dei merka stor pågang frå alle dei leseglade elevane i dei to kommunane.
— Eg har hatt elevar som har spurt gong på gong om kor lenge dei må vente før dei kan starta på årets sommarles, seier Birkeland.
Sørheim legg til at mange gler seg til å til å få registrert bøkene dei les slik at dei både får hanka inn digitale trofé, og fysiske premiar som dei får for kvart tiande nivå.