Ung bondelagsleiar ser mot framtida
Siri Steinsland (18) blei nyleg vald til ny leiar i Bjoa Bondelag. Ho er ung, engasjert og har klare planar om å bli bonde sjølv og få andre unge til å gjere det same.
— Eg kjem frå gard med sau, har odel og lyst til å overta garden heime, fortel Siri Steinsland (18).
Ho går på Sauda vidaregåande og har nyleg tatt lastebillappen. Planen er å ta fagbrev i transport før ho på sikt overtek garden heime. I januar skal ho starte i lære og køyre for Fatland.
Bidrar i bygda
Steinsland har vore med i Bondelaget i to år og sat tidlegare i valkomiteen. Då det skulle veljast ny leiar, blei ho spurt om ho hadde lyst.
— Me må ha ein leiar, og då er det viktig at nokon stiller opp, seier 18-åringen.
Bondelaget har fleire aktivitetar i tida som kjem. Den nye leiaren opplyser at dei skal bidra med mjølk og rigging på den årlege julemarknaden på Bjoa. Marknaden er eitt av årets høgdepunkt på Bjoa og går i år av stabelen laurdag 6. desember.
I januar blir det meir aktivitet i Bjoa Bondelag når dei skal arrangere ein studiering.
Optimistisk for generasjonsskifter
Miljøet for landbruk på Bjoa meiner Steinsland er bra. Ho trur det er fleire unge som kunne tenkt seg å vere med i Bondelaget, sidan det er mange unge avløysarar i bygda.
Spurt om kva som er draumen hennar for landbruket på Bjoa framover, svarar 18-åringen at ho håpar fleire unge har lyst til å ta over etter dei eldre – noko ho opplever at verkar mogeleg.
— Det er litt difor eg er med i Bondelaget – for å ta landbruket vidare til neste generasjon. Då er det greitt å vere med og lære litt av dei eldre, seier Steinsland.
I tillegg til den nye leiarrolla i Bjoa Bondelag er ho vararepresentant i ungdomsrådet i Vindafjord. 18-åringen ser på seg sjølv som ein engasjert person som synest det er viktig å vere med og bidra.