Undersøking: Sju av ti er bekymra for framtidig matforsyning
Ei undersøking viser at den norske bonden har stor støtte i befolkninga, men at berre éin av fem har tru på ei lys framtid for norske bønder og matproduksjon.
I undersøkinga frå forskingsinstituttet Sifo svarer 72 prosent at dei er bekymra for Noregs evne til å produsere nok mat i framtida, skriv Nationen.
Fire av ti meiner Noreg bør auke produksjonen av kjøtt, mjølk og meieriprodukt, medan sju av ti meiner produksjonen av korn, frukt og grønt bør auke.
Undersøkinga viser også at 50 prosent meiner at det offentlege bruker for lite pengar på mat og landbruk, og at 57 prosent meiner den økonomiske støtta til bøndene bør aukast betrakteleg.
– Dette peikar mot ei brei oppslutning om å føre vidare og styrkje eit nasjonalt forankra landbruk, der matproduksjon blir sett på som ei investering i samfunnstryggleik, beredskap og lokal verdiskaping, seier Annechen Bahr Bugge frå Sifo ved Oslomet.
(NPK)