Lars Olav Bergsvåg (på vegen) viste partane i lagmannsretten kor grensa til Ljoshall-tomta gjekk før gang- og sykkelvegen vart bygd under retten si synfaring 26. august.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
UL Fram tapte ankesaka
Statens vegvesen vann fram med sin anke i saka om Ljoshall-tomta i Etne. UL Fram står att utan pengar og ei tomt dei truleg ikkje får seld.
Lars Olav Bergsvåg i UL Fram omtalte det som ei tredje ulykke» om Statens vegvesen skulle vinne fram med sin anke over Haugaland tingrett sitt skjønn, kor ungdomslaget vart tilkjend 125.000 kroner i erstatning for ekspropriasjon av tomt til den nye gang- og sykkelvegen frå Gjerde senter til Mo.
Han viste til brannen i Ljoshall i 2005, som raserte det nyleg renoverte samfunnshuset. Til forsikringsoppgjeret etterpå, kor det kom fram at bygningen ikkje var fullforsikra, noko som truleg førte til tap om lag fire millionar kroner for UL Fram. Og den tredje no, om Statens vegvesen skulle få medhald i si anke over Haugaland tingrett sitt skjønn, knytt ekspropriasjon av ein del av tomta for å bygge gang- og sykkelveg. Eit skjønn kor UL Fram fekk tilkjend 125.000 kroner.
Rekkefølgjekrav