Ukjend hund på verandaen

Ein mann som bur i Vågshagen i Ølensvåg har sidan i går hatt ein ukjend […]

Publisert Sist oppdatert

Ein mann som bur i Vågshagen i Ølensvåg har sidan i går hatt ein ukjend gjest på verandaen sin.

I går oppdaga mannen ein svart Border Collie med kvit hals på verandaen. Hunden låg der også i dag, og det viser seg at hunden ikkje er i stand til å gå. Han er truleg blitt påkøyrd, og er skadd i venstre framfot. Nå håpar Vågsbuen som for andre dag tek seg av hunden, at eigaren vil dukka opp.

— Dersom nokon veit kven sin hund dette er, ønskjer me at dei tek kontakt med oss, seier lensmann Ingvar Gjærde ved Vindafjord lensmannskontor.

Powered by Labrador CMS