Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Arne Gunnar Habbestad (t.v.) i Vindafjord turlag og Karl Andreas Knutsen frå Haugesund Turistforening møttest i Ølensvåg for å signere ny samarbeidsavtale. Det kjem truleg godt med når omfattande midlar til nye turvegar nå skal innskaffast.Øystein Birkenes

Turlag stakar vegen

Publisert Sist oppdatert

Vindafjord Turlag blei stifta i november i fjor, og vende seg snart til Haugesund Turistforening for eit generelt samarbeid. Først oppe på agendaen for dei to partane, som nå deler medlemsregister, er så mykje som sju godt tilrettelagde turvegar i distriktet. Desse skal vere gruslagde og lett framkommelege, enten ein syklar, rir eller går og spring med lette sko.

Omfattande

I fleire tilfelle er stykke av vegane allereie der, og det er arbeid med deler som trengst for å knyte det heile til ein samanhengande turveg av gjennomgåande god standard. Utbetringa av den gamle postvegen mellom Etne og Ølen, det første prosjektet som nå er vel undervegs, er eit eksempel på dette. Trass fordelaktige utgangspunkt kostar dette sjølvsagt store pengar. Postveg-prosjektet blir stipulert til 2.575.000 kroner og dei sju prosjekta samla vel 23 millionar.

Powered by Labrador CMS