Tungtrafikk over Halsnøy
Og når ein kjem ut av tunnelen på Tofteåsen, må ein kjøre 6-700 meter på […]
Og når ein kjem ut av tunnelen på Tofteåsen, må ein kjøre 6-700 meter på fartsdumpar fordi vegen er så elendig for stortrafikk. Jorda på Tofte inneheld mykje leire og det er vanskelig geologi å byggja gode vegar på.
Dersom tungtrafikken frå og til Høylandsbygd skipsindustri hadde køyrt i tunnelen på Tofte og til Sunde, og teke ferga derifrå til Stord, så hadde ein spart den sårbare naturen frå Sæbøvik til Ranavik.
Halsnøy er ei sårbar naturperle. Det er så smalt lende mellom sørsida og nordsida. Ved Halsnøy kloster kan ein nesten kasta stein frå sjøen på sørsida til sjøen på nordsida. Her får ein heller ikkje utvida vegen av Riksantikvaren. All den tungtrafikken som blir her, vil ødeleggja heile klostermiljøet. Halsnøy kloster er det viktigaste kulturminnet i Norge frå mellomalderen. Det er heilt utruleg at ikkje det skal takast omsyn til.
I staden har ein altså valt å føra tungtrafikken frå fastlandet i Kvinnherad og Odda og Stord, rett gjennom dette sårbare landskapet. Minst 100 millionar kroner vil det koste å ordne vegane for all den unødige trafikken som skal voldta øya. Ein skal ikkje ofra folk sitt liv berre for å få inn mest mulig bompengar.
Folk frå Kvinnherad kommunestyre har vore i Oslo og prøvd å få det slik at ferga framleis skal gå frå Sunde til Stord, men fått avslag. Ein kan kun lura på kva ein skal med eit samferdselsdepartement som har så dårlege løysingar. Hadde dette vore ein stamveg, kunne me meldt dei til EU-domstolen i Strasbourg.
Ein forventar at når folk set i høge embete, skal ein gjera kloke val.
Naturvernforbundet
i Kvinnherad
Dagny Fuglø