Roar Gundegjerde, Erlend Nævdal Bolstad og Lars Olav Bergsvåg er framleis optimistiske før valet i september.
Trur framleis på valsiger
Dei fleste meiningsmålingar peikar mot regjeringskifte i haust. Likevel har ikkje Erlend Nævdal Bolstad, som er Høgre sin utsende til Etne, gitt opp håpet.
— Eg trur det er svært viktig for situasjonen Noreg er i at me fortsett med Erna Solberg som statsminister, meiner Nævdal Bolstad. Han er på 8. plass på Høgre si liste til Stortinget.
Valkampstart
Forutan Høgre, har Frp, Ap, Sp, KrF og Venstre stilt opp stand utanfor Etne senter i dag i opninga av valkampen. Klokka 14.00 er det debatt på Skakkesenteret der Sølve Rydland er debattleiar. Etter debatten vil fleire av politikarane også vere med på villaksprat.