To patruljar rykte ut til mannen som oppførte seg trugande mot politiet
/ Arkiv: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Truga politibetjentar under pågriping
Dommen gjeld ei hending i juli i fjor, i Skånevik.
Politiet blei denne morgonen tilkalla etter melding om at ein mann frå Vindafjord skulle ha
utsett den dåverande kjærasten sin for ei kroppskrenking. Politibetjentane rykte
ut og kom fram til staden tidleg på føremiddagen.
Ifølgje dommen var mannen i varierande humør og
rusa. Retten fekk lagt fram analyseresultat frå blodprøvar som blei tatt eit
par timar etter at politiet tok hand om mannen. Desse viste påverknad av
alkohol tilsvarande 2,1 i promille, samt konsentrasjonar av fleire narkotiske
stoff i blodet.
Truga med å skyta