Rundt 90 personar tok turen til bygdahuset i Imsland for å diskutera framtida til bygda. Foto: Irene Mæland Haraldsen
Frå eit møte på Imsland Bygdahus.
Hanne Eikemo Imsland og Åsvald Imsland ønskjer seg ei sjølvstendig og levande bygd.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Hanne Eikemo Imsland og Åsvald Imsland ønskjer seg ei sjølvstendig og levande bygd.
Styret i Imsland Bygdahus: Anette Haraldseid (t.v.), Jarle Nordtveit Åsheim, Åsmund Holten og Lena Haugland Rønnevik. Foto: Irene Mæland Haraldsen
Styret i Imsland Bygdahus: Anette Haraldseid (t.v.), Jarle Nordtveit Åsheim, Åsmund Holten og Lena Haugland Rønnevik.
Marit Øverland Ilstad orienterte om kommunen sin arealplan.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Marit Øverland Ilstad orienterte om kommunen sin arealplan.

Trør til for bygda

Det mangla ikkje på gode idear og stå på vilje då bygdefolk i Imsland tok turen til folkemøtet på bygdehuset for å dela sine tankar om framtida. Størst merksemd fekk bygdehuset og skulen som går ei usikker framtid i møte.

Publisert Sist oppdatert

Årets skuleferie nærmar seg med stormskritt og for bygdefolket i Imsland betyr det kroken på døra for både skulen og barnehagen. At skulen forsvinn får også konsekvensar for bygdehuset som taper store pengar i leigeinntekter knytt til utleige av gymsalen.

90 møtte opp

Imsland Bygdahus var blant laga som stod bak invitasjonen til folkemøtet, og saman med leiarane i Hauk 4H, bondelaget, grendautvalet og bygdekvinnelaget starta dei kvelden med å presentere sitt lag og dela sine planar for framtida. Etterpå var det bygdefolket sin tur til å dela sine tankar. Praten gjekk livleg borda og dei rundt 90 personane som møtte denne kvelden samla seg i grupper for å klekka ut idear som kan skapa ytterlegare liv i bygda. Eitt av hovudpunkta var diskusjon om framtida for bygdehuset.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS