Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Ole Martin Grindheim håpar å få omregulert garden på Matskår til næringsområde.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Ole Martin Grindheim håpar å få omregulert garden på Matskår til næringsområde.

Treng plass å ekspandera – vil omdisponera dyrka mark

Publisert Sist oppdatert

Etter 18 år som hovudaksjonær og dagleg leiar av Etne Auto AS rettar Ole Martin Grindheim blikket framover og jaktar areal for vidare ekspansjon. Bedrifta på Nyvoll i Etne sentrum treng i første omgang meir lagerplass, og med tida kan det bli behov for vidare ekspansjon.

På den 35 mål store garden like vest for sentrum, som han kjøpte for 13 år sidan, skulle det etter planen byggjast eit nytt bilsenter. Fylkesmannen sette foten ned for næringsutvikling på dyrka mark og planane blei lagt på is. Det resulterte i at Grindheim måtte finna andre løysingar. Nå ynskjer forretningsmannen å prøva på nytt for å få den sentrumsnære marka regulert til næringsområde.

— Me kjøpte garden fordi me jakta på areal for å byggja bilsenter, var i dialog med kommunen og søkte konsesjon. I søknaden var det tatt med at deler av området på rundt 5 til 10 mål skulle brukast til bilsenter, og kommunen lovde å syta for omregulering. Men etter at handelen var i orden, fekk eg inntrykk av at det kunne bli ein lang prosess, seier Ole Martin Grindheim som bestemte seg for sjølv å få fortgang i planarbeidet.

Powered by Labrador CMS