Næringsliv
Treng folk for å veksa
Seks av ti bedrifter i Etne og Vindafjord seier i ei undersøking at dei slit med å få tak i nok folk med rett kompetanse. Hos MCE på Tongane i Etne står ei mogleg utviding på vent.
— Hadde me fått tak i meir kompetanse, kunne me utvida lokala våre, seier dagleg leiar Erle Mæland Aasheim i MCE.
Den årlege bedriftsundersøkinga til Fikse Næringsforening viser at dei er langt frå åleine. Dagleg leiar Stian Skarheim Magelssen er uroa over utviklinga.
— Seksti prosent av medlemsbedriftene våre rapporterer om udekt kompetansebehov. Over halvparten av desse seier dei har tapt kundar eller marknadsdelar på grunn av dette, og nesten halvparten har utsett eller droppa planar om utviding, seier Magelssen.