Det trengst fleire blodgivarar, men det er vanskeleg å få til, fordi det er låg bemanning i blodbankane, meiner NITO. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Det trengst fleire blodgivarar, men det er vanskeleg å få til, fordi det er låg bemanning i blodbankane, meiner NITO.

Treng fleire bioingeniørar til blodbankane

Noreg må oppretta fleire studieplassar for bioingeniørar, meiner Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon (NITO).

Publisert Sist oppdatert

I samband med revidert statsbudsjett, kritiserer leiar for Bioingeniørfagleg institutt Heidi Andersen staten for manglande satsing på utdanning av bioingeniørar. Det melder NITO i ei pressemelding.

Andersen seier dette vil få konsekvensar for blodbankane kringom i landet, som ifølgje henne allereie har for dårleg bemanning.

– Det reviderte statsbudsjettet tar diverre ikkje opp auka midlar til studieplassar i særskild tiltrengde fagområde for samfunnet, seier ho.

Fagforeininga NITO seier dei lenge har etterlyst fleire studieplassar for bioingeniørar, for å rusta landet betre mot kriser, krig og demografiske endringar.

(NPK)

Powered by Labrador CMS