Are Odland og Grzegorz Gregor» Gorcynski imponerte stort i finalen av Lego Masters Norge fredag kveld. Ein respektabel tredjeplass var det dei fekk med seg heim.
Foto: LEGO Masters/TV 2
Tredjeplass til Are og Gregor
Etter ti veker med Lego Masters i beste sendetid på TV2, har Grzegorz Gregor» Gorcynski og Are Odland plassert sin siste byggekloss i ein svært spennande finale. Duoen måtte sjå seg slått av to andre lego-par, og hamna til slutt på ein respektabel tredjeplass.
Gregor frå Etne og Are frå Sauda har brukt superlativ som både fantastisk, eit eventyr, og magisk når dei gjennom ti veker har prøvd å beskriva korleis det har vore å vera med i TV2 si storsatsing i haust. Og det heldt nesten til mål, men berre nesten.
— Tredjeplass er siger. Me kom til finalen og me er kjempefornøgde med å har klart å koma så langt, seier Gregor rett at etter resultatet blei klart fredag kveld.
Dei går likevel ikkje tomhendt heim, for i tillegg til ei fantastisk ein-gong-i-livet-oppleving», får dei også 20.000 kroner i gåvekort frå Lekekassen, som dei kan handla Lego for. I tillegg fekk dei begge sponsa tur til Legoland for både dei sjølve, konene og barna deira.