Dei sju hadde starta ein skitur opp vestsida av fjellet Signal du Petit Mont Cenis, heiter det vidare.
Fekk hjelp
Fire av nordmennene omkom som kjent i skredet. Fjellredningstenestene rykte omgåande ut til skredområdet, blant dei fire hundepatruljar. Der klarte dei å grave fram dei tre første skredoffera. Dei tre hadde då hjarte- og pustestans, opplyser Benoît Bachelet hos påtalemakta i Albertville.
– Den første var i den nedre delen av skredet, den andre i midtpartiet og den siste i den øvre delen. sjølv om det vart gjennomført livreddande førstehjelp på staden, vart dei raskt konstatert omkomne av ein lege, opplyser han.
Det siste skredofferet, som vart funne seinare ved hjelp av skredsøkjaren sin, hadde også hjarte- og pustestans. Vedkommande vart evakuert med helikopter til universitetssjukehuset i Grenoble, men vart konstatert omkomme kort tid etter framkomst til sjukehuset, opplyser Bachelet.
Dei tre overlevande, som alle er kvinner, var fysisk uskadd.
– Dei vart tekne hand om og fekk psykologisk hjelp av eit akuttmedisinsk team, heiter det vidare.
Dei er ifølgje fransk politi framleis i området. Det er ikkje kjent når dei kan returnere til Noreg.
Sender varme tankar
Éin av dei som omkom, var frå Oslo, har Kripos stadfesta. Dei andre kom frå Færder, Vindafjord og Stjørdal. Alle var tilknytt Alta folkehøgskole.
– Dette er ei tragisk ulykke. Mine varmaste tankar går til dei pårørande og etterlatne, seier ordførar Anne Lindboe i Oslo (H).
Snøskredet gjekk onsdag 29. januar 2025 rundt klokka 16:20 i kommunen Val-Cenis i Savoie, nær den italienske grensa.
60 centimeter nysnø hadde falle dei siste 48 timane før ulykka og skredfaren var på nivå 3 av 5 (betydeleg fare). Skiløparane køyrde utanfor preparerte løyper og alle i gruppa var utstyrte med skredsøkjarar.
Redningsaksjonen omfatta cirka 20 redningsarbeidarar, helikopter og skredhundar. Fransk politi har sett i gang ei etterforsking av hendinga.
(NPK)