Denne sveitservillaen på Kambe i Etne har fått stå uselt ei stund. Dei som har mykje penger å bruke på bustad vel kanskje heller å bygge nytt. Foto: Vestbris
Denne sveitservillaen på Kambe i Etne har fått stå uselt ei stund. Dei som har mykje penger å bruke på bustad vel kanskje heller å bygge nytt.
Eit aktuelt salsobjekt frå Vindafjord, nylig ute på marknaden: Dreganesveien 225 i Ølen, ført av Eiendomsmegler 1 i Haugesund.Foto: Eiendomsmegler 1
Eit aktuelt salsobjekt frå Vindafjord, nylig ute på marknaden: Dreganesveien 225 i Ølen, ført av Eiendomsmegler 1 i Haugesund.
Vidar Opheim i Eiendomsmegler A kan bekrefte at eigedomsmarknaden ikkje er på sitt raskaste for tida, særleg i høgare prisklassar.Foto: Privat
Vidar Opheim i Eiendomsmegler A kan bekrefte at eigedomsmarknaden ikkje er på sitt raskaste for tida, særleg i høgare prisklassar.

Trått i bustadmarknaden

Dei som for tida skal selje bustad i distriktet må belage seg på at det tar tid, samanlikna med tidlegare år. Mange nye og attraktive tomter dei siste åra er ein viktig del av forklaringa.

Publisert Sist oppdatert

Det er påfallande mange bustadar ute for sal i Vindafjord for tida, samanlikna med Etne. I skrivande stund er det om lag 23 bustader til sals i Etne på Finn.no, medan i Vindafjord er det 73. Ser ein berre på einebustadar er tala høvesvis 15 mot 44. Altså omtrent tredobbelt i Vindafjord, meir enn det dobbelte ein kan forvente av forskjellen i innbyggartal. Det er ein effekt frå nye byggefelt og tomter å spore i distriktet, og på tvers av kommunane, fortel eigedomsmeklar Vidar Opheim til Grannar.

— I Etne har dei nyleg fått eit stort og attraktivt tomtefelt på Fitja, med gode prisar, og eg merker meg at dei tomtene blir selde. Når det er bebuarar internt i kommunen som kjøper desse for å bygge seg nytt hus, noko det gjerne er, blir dei tidlegare husa deira fridd opp og lagt ut for sal. I Ølen har dei hatt nye felt og nye tomter i lengre tid, dermed er dei lengre inn i ein prosess der mange eldre hus kjem på marknaden. I Etne nå er tala heilt normale, i Vindafjord har tala blitt høgare enn det som er normalen i dei siste åra, seier meklaren, som jobbar med Etne- og Vindafjord-distriktet for Eiendomsmegler A i Haugesund.

Treigt overalt

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS