Lakkerte trapper er nesten standard ønske frå kundane til Ølen Trevare. Her Kjartan Steinsland i sving ved lakkautomaten.
Foto: Jon Edvardsen
Trappene er blitt møbel
Trenden i trapper er fargar, stål og glas. I Ølen Trevare er den reine furutrappa så godt som historie.
Då Kjartan Steinsland starta i Ølen Trevare i 2002 var alle trapper i lakka furu, og det slang berre nokre spesielt interesserte som var ute etter malte trapper.
Dessutan ville den gjengse huseigar ha dreia og freste variantar på rekkverka. I dag er også dette nesten borte, og Steinsland trur ikkje den naturlege furutrappa vil kome tilbake.
— Furu er ikkje sterkt nok for dei delane det er slitasje på. Det blir for mjuk materiale. I dag har folk ofte kjøkken og stove oppe, og då går det meste via trappa. Etter ti år ser ein stor forskjell på slitasjen på eik og furu i ei trapp, seier han.